Visjon, mål og verdiar

Saman om noko - som er større enn idrett



VISJON

IL Skjergard skal være en breiddeklubb. I kraft av dette skal klubben ikkje vere resultatorientert i barne- og ungdomslaga, men prestasjonsorientert. Gode prestasjonar vil gje resultat. Topping av lag skal ikkje skje i Skjergard i aldersbestemt idrett. Hovudfokuset til klubben skal vere å gje et så breidtaktivitetstilbod som mogleg, ut i frå dei til einkvar tid gjeldande føresetnader klubben har. IL Skjergard skal ha eit godt tilbod til alle medlemmane våre som ønskjer å vere aktiv i idrettslaget. Me ynskjer å byggja samhald, venskap og eit forhald til idrett som varer heile livet. For å ivareta alle barn og ungdommar, er det avgjerande at idretten og aktivitetane skjer i et trygt og godt miljø, der alle blir sett og ivaretatt for den dei er. Alle med ansvar i klubben, særleg vaksne, skal difor jobbe kvar einaste dag for å skape høgast mogleg trivselsfaktor. IL Skjergard skal vere medviten sitt samfunnsansvar i lokalmiljøet, spesielt kva gjeld førebygging blant barn og unge. Klubben skal strekkje seg langt for å ta vare på absolutt alle, og jobbe for gode haldningar som gjer ringverknader utover idrettsbana.





MÅL

IL Skjergard skal ha eit godt miljø og skal:
• Gje eit tilbod til alle som vil drive idrett, både breidde- og talentutvikling.
• Vere ein inkluderande klubb
• Utvikle medlemmane både sportsleg og sosialt gjennom deltaking i aktivitetar.
• Vere ein viktig samfunnsbyggjar i lokalsamfunnet
• Vere eit førebilete og ein god ambassadør når det gjeld førebygging og haldningsskapande arbeid, både internt i klubben og i lokalsamfunnet elles.



VERDIAR

Som idrettslag skal IL Skjergard vera ein viktig aktør i lokalsamfunnet og klubben skal ha kjende verdiar som:

Inkluderande — Trygg — Open, ærleg og respekt — Bry oss — Rettferdig — Engasjerande —Utviklande


1. Inkluderande
Alle i IL Skjergard skal verte sett og høyrt. Kvar enkelt skal føle seg tatt vare i klubben og at deira meingingar vert verdsett uavhengig av idrettsfaglege kvalifikasjonar, etnisk bakgrunn, hudfarge, handikapp etc. IL Skjergard skal dere ein open og inkluderande klubb når det gjeld alle sin rett til å vera med og bestemme korleis klubben skal utvikle seg i framtida. IL Skjergard skal, åleine eller i samarbeid med andre, leggje til rette for eit breidt spekter av idrettsaktivitetar på ulike nivå innanfor dei rammer og ressursar som klubben rår over. I dette arbeidet er det naturleg at klubben søkjer samarbeid med andre klubbar, sona, kretser eller for eksempel Hordaland Fotballkrets (HFK), Norges idrettsforbund (NIF) etc, der dette er naudsynt for på gje eit tilbod til alle.

2. Trygg
IL Skjergard skal vere ein arena der alle skal føle seg trygg på kvarandre. Miljøet skal vere slik at alle skal trivast med å delta på aktivitetar og på ein god måte kunne seie i frå dersom dei ikkje føler trivsel. Foreldre skal vere trygge på at borna som er involvert i aktivitetar vert teken vare på og at klubben er ein god sosial arena. Det er viktig at foreldra deltek som gode rollemodellar på aktivitetar saman med borna, for å bidra til å skape tryggleik og gode rammer for både eigne og andre sine barn.

3. Open, ærleg og respekt
Skjergard skal være ein truverdig klubb. Dette vert oppnådd gjennom openheit, ærlegdom og respekt for kvarandre. I alle former for kommunikasjon med klubbens medlemmar, foreldre, sponsorar, støttespelarar, offentlege myndigheiter eller medier, skal IL Skjergard være open og ærleg. Det skal være lett for dei som ønskjer det, å få innsyn i klubben sine avgjerder, vedtak og økonomi. Klubben sine medlemmar skal også leve etter same prinsipp, der openheit, ærlegdom og respekt på og utanfor bana skal løne seg. Vi skal alltid setje klubben sin visjon, mål og verdiar framføre oss sjølve. Om vi ikkje lukkast, skal det vere rom og openheit for å vere audmjuk og innrømme feil. Vi skal lytte til andre sine meiningar, og ha respekt og forståing for ulike synspunkt, både på og utanfor bana.

4. Bry oss
IL Skjergard skal ta ansvar og bry seg om omgjevnadane og samfunnet rundt oss. Vi skal vere gode rollemodellar, der vi skal bry oss om kvarandre og inkludere alle. Om vi ser eller høyrer om barn, unge eller vaksne som ikkje har det bra i klubben eller i lokalsamfunnet, skal vi bry oss ved å ta vare på dei. Dette er eit ansvar som vert forventa av alle, herunder foreldre til aktive utøvarar og samtlege av klubben sine medlemmar. Vi skal snakke med kvarandre, og ikkje om kvarandre. Vi skal bry oss.

5. Rettferdig
IL Skjergard skal behandle alle medlemmar, aktive som ikkje aktive, motspelarar, dommarar, støttespelarar etc likt. Dette skal skje heilt uavhengig av dugleikar, kjønn, alder, hudfarge, seksuell legning, religion og kultur. Klubben skal være en føregangsklubb for mangfald i klubben og i lokalsamfunnet. IL Skjergard skal være rettferdig.

6. Engasjerande
Alle dei som deltek på treningar i IL Skjergard skal oppleve at dei blir aktivisert gjennom heile treninga og på denne måten opplever treninga som meiningsfull og motiverande. Alle skal bli sett, uavhengig av dugleikar. Det skal leggjast opp til at aktivitet i klubben og skal motivere til idrettsaktivitet utanfor dei organiserte aktivitetane. Dette vil gje ein positiv effekt innan det idrettsfaglege, men og for den sosiale delen av arbeidet som IL Skjergard skal vera ein pådrivar for. IL Skjergard skal vere en engasjert bidragsytar i lokalsamfunnet i Øygarden kommune, og dessutan vere en klubb der andre ser opp til når det gjeld engasjement og haldningar.

7. Utviklande
IL Skjergard skal leggje til rette for utvikling innan den idrettsfaglege og sosiale sida av idretten. Innan begge områda vil det verte samarbeida med andre aktørar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Utviklingsarbeidet skal i størst mogleg grad vera tilpassa kvar enkelt aktiv utøvar.






Levert av IdrettenOnline