HOSPITERING


Kva er hospitering?

Hospitering er eit system som gjev enkelte spelarar høve til og spela saman med eldre spelarar på eit høgare nivå, i trenings- og kampsituasjonar, for og utvikla seg som fotballspelar. Spelet på høgare nivå vil ha eit høgare tempo og det set høgare krav til spelaren når det gjeld val og handlingar. Det skal vere eit tilbod som IL Skjergard har til spelarar som viser ferdigheiter og haldningar ut over det normale på sitt eige nivå, og som har tid og motivasjon til og yta ekstra innsats.

Her er det viktig at trenerne ser hele laget og ikke bare enkelt spillere.

Hospitering er eit tillegg til trening og kamp med eige lag. IL Skjergard har som hovedregel at ein spelar skal spele på det laget ho/han høyrer heime aldersmessig så lenge dette er mogleg.

Hospitering skal med dette ikkje vera ei permanent ordning, men vurderast i kortare

Tidsperiodar. Unntak frå dette skal vedtakast i Sportsleg utvalg til IL Skjergard.

Hospitering gjeld som eit utgangspunkt treningar, men spelarar kan vurderast til kamp når dette er til det beste for alle partar (spelar, foreldre, trenarar på begge lag, etc.).

IL Skjergard er ein middels stor klubb som i enkelte årsklassar vil vera avhengig av og nytta hospiteringsordninga for å kunne stilla lag i alle årsklassar. Den praktiske gjennomføringa av denne type hospitering må vera godt planlagt og avtalt mellom dei lag det gjeld, der ansvaret ligg på hovudtrenarane for kvart lag. Sportsleg leiar skal vera med i diskusjonen rundt denne type hospitering og skal kunne ta avgjerder ved usemje.

Er det jenter som ønsker å hospitere med guttelag, så bør dette ordnast.

11.2 Krav for å kunne verta vurdert for hospitering

Spelaren må ønske og vera med på dette sjølv.

Foreldra til spelaren skal godkjenna at hospitering skjer.

Spelaren må over tid ha vist gode haldningar på trening og ha godt oppmøte.

Spelaren må over tid ha vist gode haldningar når det gjeld fairplay både i trening og i kamp (medspelarar, motspelarar, dommarar)

Spelaren må vise ferdigheiter som viser at han/ho kan klare seg på eit høgare nivå

(eksempelvis fysisk, teknisk, taktisk)

11.3 Korleis skal hospitering gjennomførast?

Det er ikkje eit fasitsvar her, men det må finnast løysingar i kvart enkelt tilfelle. Eksempel på korleis dette kan løysast er:

1-2 økter pr. veke over tid eller heile året?

1-2 heile veker – så attende til eiga gruppe – fleire periodar over året?

Kun med på trening eller delta både på trening og i kamp?

Variantar av dette?

11.4 Kven avgjer kva spelarar som skal hospitere?

Uttak av spelarar som skal hospitere skal skje i et samarbeid mellom hovud trenarar

(hovud trenar for eige lag og for hospiteringslag). Ved usemje skal sportsleg utval vera med i prosessen. Dersom man ikkje blir enige, skal sportsleg utval ta avgjerda.

Trenaren si viktige rolle ved hospitering:

Trenarar skal kjenne til korleis hospiteringsordninga til IL Skjergard fungerer. Trenarar skal retta seg etter dei retningslinar som gjeld og samarbeide for at spelaren får maksimalt utbytte av hospiteringa.

Trenarar skal heile tida tenkje spelarutvikling og gje spelarar som bør hospitera på eit høgare nivå sjansen til dette.

Trenarar skal ha klare avtalar med kvarandre når det gjelder antal treningsøkter for spelaren, og sist men ikkje minst når det gjeld kampar.

Eksempel:

Ein guttespelar hospiterer på juniorlaget på alle treningar og utviklar seg så bra at han og får spele kampar på juniornivå.

Kva gjer me dersom dette skjer?

Dersom spelaren spelar ein omgang eller mindre på juniorlaget kan spelaren også spele guttekamp.

Dersom spelaren speler heile juniorkamper bør og skal spelaren ikkje spele guttekamper. Kvifor:

Dersom ein spelar for mange kampar vert det mindre trening og restitusjon. Faren er då at

spelaren stagnerer og i verste fall går lei. Her har trenarane eit stort ansvar, det er difor viktig å tenkje på utviklinga til spelaren og ikkje laget.

Powered by: Bloc