LAGLEIAR


Fra organisasjonsplan

Lagleiar har ansvaret for det administrative arbeidet i samband med treningar, kampar og turneringar.
I god tid før sesongstart skal det arrangerast foreldremøte der ein informerar om planar for laget gjennom sesongen. Dette skal gjerast i samarbeid med lagets trenarar. Her skal mellom anna aktiviteten sida førre møte evaluerast, det skal opplysast om treningsopplegg, ambisjonsnivå, planar for reisar til cupar og liknande. På dette møtet skal det og informerast om foreldrevettreglane (sjå kapittel 12 i sportsplanen)

Lagleiar skal:

  • Være godt kjent med innholdet i sportsplanen
  • Samle inn informasjon og utarbeide namnelister over alle spelarar, trenarar, lagleiar og foreldrekontakter på laget med fødselsdato, telefonnummer, adresse og liknande
  • Oversende nødvendige spelaropplysningar til ansvarleg for dette i IL Skjergard
  • Sørgje for påmelding til serie og cup-spel i samråd med trenarane
  • Ansvarleg for å koordinere og førebu serie og treningskampar. Dette gjelder blant anna kven av spelarane som skal være med, transport, dommarutgifter, kamprapport, resultatrapportering osv.
  • Ha kontakt med motstandarlaget sin lagleiar eller trenar for praktisk gjennomføring av kampen
  • Syte for at ein har dommarar til laget sine heimekampar
  • Ha kontakt med dommar i forkant av heimekampar for å forvisse seg om at denne møter. Dette er spesielt viktig når HFK setter opp dommarar.
  • Ta i mot dommar og bortelag på kampdagen saman med Fair Play kampvert
  • Koordinera og organisere flytting av kampar ved behov
  • Syte for at laget har nødvendig trenings- og kamputsyr
  • Lage gode sportslege og sosiale rammer rundt laget og bidra til positiv stemning i laget
  • Koordinere laget sitt dugnadsarbeid
  • Motivere spelarar og/eller foreldre til å være med på dugnad i klubbens regi, avhengig av alder på spelarane
  • Representere laget i trenar/lagsleiarforum saman med trenarar
  • Arrangere foreldremøter, minimum eit og helst to kvart år (før og etter sesong)
  • Arrangere årleg avslutning for laget saman med trenarane, unntatt for dei som deltek på avslutningar arrangert av IL Skjergard.

Verktøyskasse

Powered by: Bloc