SPORTSPLAN


Fra sportsplanen

IL Skjergard

Idrettslaget Skjergard (IL Skjergard) vart danna i 1989 etter ei samanslåing av Øyar IL, Toftøy IL og Øygarden Friidrettslag. IL Skjergard sin største aktivitet er fotball og denne sportsplanen skal gje føringar og retningsliner for fotballaktiviteten i idrettslaget.

IL Skjergard skal vera ein klubb for heile Øygarden kommune og gje eit tilbod til alle som vil spela fotball. Me skal vera ein inkluderande klubb og kvar og ein som er medlem i idrettslaget skal kunna utvikla seg både sosialt og sportsleg gjennom deltaking i aktivitetar.

Målsetjing med sportsplanen

Sportsplanen gjev konkrete føringar og retningslinjer for trenarar og leiarar i IL Skjergard. Den viktigaste funksjonen til planen er at den skal sikra høg kvalitet på det arbeidet som vert gjort i trening og kamp, og gjera det klart for alle kva dei ulike rollane i klubben inneber og kva det krev av kvar enkelt. I planen vert det sett fokus på både trenarar og leiarar.

Det er stor skilnad på dei ulike alderstrinna både når det gjeld trening og kamp. Difor inneheld planen overordna retningsliner for korleis treningar bør gjennomførast på alle nivå. For at planen ikkje skal verta for omfattande tar den ikkje med treningsøvingar, men linkar til kvar ein kan finne slike på nettet er lagt inn i planen (kapittel 16).

Sportsplanen er laga for å gjelde frå 2013 til 2016, men det vil vera eit behov for og oppdatera planen etter kvar sesong. Det vil vera sportsleg leiar i klubben som har ansvaret for oppdateringa i samarbeid med styret i IL Skjergard. Alle trenarar, leiarar eller andre som har gode forslag og idear til korleis planen skal verta betre, har høve til å få desse registrert og vurdert som ein del av utviklinga av planen. Dette vil føra til at planen vert eit levande dokument som er forankra hjå leiarar og trenarar.


Mål og verdiar - IL Skjergard

Visjon

IL Skjergard skal ha eit godt tilbod til alle spelarane våre. Me ynskjer å byggja samhald, venskap og eit forhold til fotball som varer heile livet.

Mål

IL Skjergard skal ha eit godt miljø og skal:

gje eit tilbod til alle som vil spela fotball, både breidde- og talentutvikling

vera ein inkluderande klubb

utvikla medlemmane både sosialt og sportsleg gjennom deltaking i aktivitetar

Verdiar

Som idrettslag skal IL Skjergard vera ein viktig aktør i lokalmiljøet og klubben skal vera kjent som:

Inkluderande – Trygg – Open for alle – Deltakande – Engasjerande – Utviklande

* Inkluderande – IL Skjergard skal sørgja for at dei som deltar i aktivitetar på alle nivå vert sett og høyrt. Kvar enkelt skal føle seg tatt vare på i klubben og at deira meiningar vert verdsett uavhengig av fotballfaglege kvalifikasjonar, etnisk bakgrunn, hudfarge, handikap etc.. IL Skjergard skal, åleine eller i samarbeid med andre, leggje til rette for eit breitt spekter av fotballaktivitetar på ulike nivå innanfor dei rammer og ressursar som klubben rår over. I dette arbeidet er det naturleg at klubben søkjer samarbeid med med andre klubbar, sona, Hordaland Fotballkrets (HFK) eller Noregs Fotballforbund (NFF) der dette er naudsynt for på gje eit tilbod til alle.

* Trygg – IL Skjergard skal vera ein arena der alle skal føle seg trygg på kvarandre. Miljøet skal vera slik at alle skal trivast med å delta på aktivitetar og på ein god måte kunne seie i frå dersom dei ikkje føler trivsel. Foreldre skal vera trygge på at borna som er involvert i aktivitetar vert teken vare på og at klubben er ein god sosial arena. Det er viktig at foreldra deltek på aktivitetar saman med borna for å få dette til.

* Open for alle – IL Skjergard skal ta i mot alle som ynskjer å vera ein del av klubben, og det er eit mål å stilla lag i alle klassar innan fotballaktiviteten. IL Skjergard skal vera ein open klubb når det gjeld alle sin rett til å vera med og bestemma korleis klubben skal utvikle seg i framtida.

* Deltakande – IL Skjergard skal vera kjend av lokalmiljøet som ein klubb som står på for medlemmane sine. Dette gjeld som eit kontaktpunkt for kommune innan idrett og kultur og som organisator for å samla lokalmiljøet til å stå på for dei som driv aktivitetar. Dette kan vera gjennom dugnadsarbeid eller andre samlande og frivillige aktivitetar.

* Engasjerande – Dei som deltar på treningar i IL Skjergard skal oppleve at dei blir aktivisert gjennom heile treninga og på denne måten opplever treninga som meiningsfull og motiverande. Det skal leggjast opp til at aktivitet i klubben også skal motivere til fotballaktivitet utanfor dei organiserte aktivitetane. Dette vil gje ein positiv effekt innan det fotballfaglege, men og for den sosiale delen av arbeidet som IL Skjergard skal vera ein pådrivar for.

* Utviklande – IL Skjergard skal leggje til rette for utvikling innan både den fotballfaglege og sosiale sida av fotballspelet. Innan begge områda vil det verta samarbeida med andre aktørar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Utviklingsarbeidet skal i størst mogleg grad vera tilpassa kvar enkelt spelar.

Siste utgave

Her ligger aller siste sportsplan, 21.01.2017, i pdf-format:

Sportsplan Rev 3..pdf

Powered by: Bloc