Daglig Leiar

Daglig Leiar

Informasjon om prosess med utbetring av bana på Rong

Postet av Daglig Leiar den 9. Jun 2017

Viser til epost fra kommunalsjef for tekniske tjenester, Råmund Skjold:

Det vert vist til informasjon om prosess kring utbetring av Rong stadion gjeve i Formannskapet 07.06

I etterkant av møtet har det vore kontakt mellom kommunen og leverandør av bana. Sjølv om partane pr i dag ikkje er samde om fordeling av kostnader har vi ei felles forståing av at det er viktig å få starte opp prosessen med utbetring.

Unisport Saltex AS skisserer at dei startar opp med fjerning av innfyll og banedekke i slutten av neste veke (15/16.06) slik at dette ikkje vert ein avgrensande faktor ved vidare arbeid (ut over neste veke var det ikkje kapasitet på desse spesialmaskinane før ut i august til å ta av dekke grunna andre oppdrag)

Vidare prosess med utbetring etter at innfyll og matte er tatt av vil vera noko avhengig av semje mellom partane. Det er god dialog og vi har eit godt håp om å sjå ei løysing innan rimeleg tid.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc